Samarbeid


Samarbeidet mellom heim og barnehage skal vere til barnets beste. Barnehagen er foreldra og personalets sin felles interesse. Ein god barnehage for ditt barn kan skapast når du og personalet viser kavarandre tillit og respekt. Personalet er underlagt bestemmelsene om taushetsplikt i forvaltningslova. Taushetsplikta gjeld òg for vikarar og alle medlemmene i samarbeidsutvalet.

Samarbeidsutval

Samarbeidetsutvalet i barnehagen består av valgte representantar frå foreldrerådet, personalet og politisk valgte representantar frå Fjell Kommune.

Samarbeidsutvalet skal vere eit rådgjevande, kontaktskapande og samordnande organ.

Den lovpålagte oppgåva for SU er å fastsetje årsplan for barnehagen. I tillegg kan SU få seg pålagt andre oppgåver gjennom det som er fastsett i føreskriftene frå departementet.

Foreldremøter

Foreldra vil bli skriftlig innkalt til foreldremøter i barnehagen. Dei vil foregå om hausten, og er i hovudsak informasjon- og kontaktmøter.

Foreldresamtaler

Ikkje alle saker kan diskuterast på møter eller i forbifarten ved bringing eller henting av barnet. Det er viktig at foreldra set av tid til samtale om barnet og barnehagen, vi gjev tilbod om to samtaler i løpet av året. Dette er ikkje meint som ”problemsamtaler” men som fortrulig prat om stort og smått. I tillegg til desse samtalene, kan foreldra når som helst be om ei avtalt samtale.