Velkommen


Tiriltunet barnehage er ein 1-avd barnehage som starta opp 01. august 2006, etter å ha vore familiebarnehage i sju år. Opningstidene våre er 7:00-16:30 mandag til fredag. Vi har 25 barn i alderen 1-5 år. Barnehagen ligg på gamle Foldnes, ca 7 min med bil frå Sartor senter. Barnehagen ligg på eit gardstun, der vi har kaniner og høner. Vår profil er Dyra våre og gode naturopplevingar. Vi ynskjer å gje barna gode opplevingar av å være ute. Naturopplevingar i tidleg barndom blir ofte ansett som av betydning for barns holdninger til natur seinare i livet. Gjennom heile året skal barna få god kjennskap til dyra våre.

Barnehagen har minibuss, og vi er stadig på farten. Stemningen er alltid på topp når vi drar av gårde!

Like ved barnehagen har vi utmark, og der er kjekt å være. I hytta vår kan vi samle oss og lese ei god historie, spele spel, eller sitte og høyre på at regnet trommar på taket.